Sagn

Sagn

Selve sagnet

skrevet ned av Anders Mehlum

Medragsjuvet og Bukketalgberget

Medragsjuvet ligg på nordsida, Bukketalgberget på sørsia av Krøderfjorden, som merke millom Krødsherad og Hallingdal. Korleis dette delesmerket vart til fortel segnet:

Ei jyger kom køyrande med ein bukk utover fjellet ovanfor Lindelii i Flå og Ørjundviki i Krødsherad.Men det gjekk so forat, at ho køyrde undan eine meien på slean sin.

Slik vart Medragsjuvet til. - Øvst uppe er det tvo dalstrok, eit for kvar mei, men lenger nede skjer dalane seg noko saman, - det kjem av at den eine meien fer ut i ein jamn fjellskråning.

Jygri vart so vreid for denne ufoldi ho var ute for, at ho steig av slean, sleit bukken or skjekane og kasta'n over Krøderfjorden, burt i Millomneset eller Medalneset, som sea vert kalla Bukketalgberget, for talgi av bukken syner tydeleg på berget. Her er grenseskillet millom Gulsvik i Hallingdal og Ringnes i Krødsherad.

Jygri skulde no til å stampe og gå ned over. Men jutulen, mannen hennar, hadde stått og sett på framferde hennar. Han var over lag vreid og mana henne i stein, og slik står ho endå , ned for Ørjunviki.

Ein ser både nasen, munnen og panneinet hennar.

Jutulen stein frå Lindeli bråten til burt på Norefjell i eit stig. Då han kom der, hølyrde han kyfkjeklokkene ringde på Olberg i Krødsherad.

Og no vart han endå meir arg og kasta ein stor stein etter kyrkja. Men han råka inkje. Steinen vart liggjande ved Noresund, og ligg der endå. Steinen snur på seg når det blir ringt med kyrkjeklokkone i Krødherad.

(Kilde: Anders Mehlum: «Hallingdal og Hallingen» Villvoll, Ringerike 1943. Utgitt året etter Anders Mehlum døde.)